Dei brune blada

forest-floor-1031143_1920-2

Ingunn Flølo, som har skrevet gode tekster før, er tilbake med en ny og herlig skildring av blader, mennesker og perspektiv. Anbefaler dere å lese denne! 

Eg sit i kjøkenglaset og ser ut på alle dei brune blada. Dei ligg på bakken. Dei kom fram no, når snøen for sin veg. Dei er eit dekke for noko som ligg under. Ei blanding av død og nytt liv.

Eg får lyst å gå ut å rake dei vekk, rydde opp, slik at det nye der under kan kome fram. Eg blir berre sittande her og sjå ut, sjå på blada som ligg der som ei vinterdyne, som snart er for varm.

Naturen har på ein måte laga dobbel beskyttelse, snøen og blada, for noko av det kjæraste og viktigaste dei har. Livet i jorda. Livet som gir oss mulighet til å leve og ånde her på jorda.

Er snøen og blada slik som steinen forran grava til Gud? Eit dekke som beskytta han mens han fekk nytt liv? So enkelt, so mektig. For oss so brunt, so dystert.
Det kunne handla om miljøvern, men eg blir sittande å tenke på menneskevern.

Kan det være slik at miljøvern kjem av seg sjølv, i det vi tek vare på menneska? I det vi er rausare og opnare med oss sjølve og med kvarandre? Er det slik at dei viktigaste verktøya i dag er; frykt, hat, makt og vold? Kva gjer dei med oss?

Eg går ut i hagen og rakar vekk dei brune blada. Det er allerede fullt av nye spirar under der. Det er små insekter, mark og snegle. Det er som om dei ser på meg og smiler.

Takk! Det er so fint at du rakar vekk vinterdyna vår, for no treng vi varme og vatn, slik at vi kan vekke jorda på ny. Vi treng det veit du, slik at du kan gå barfot i graset. Slik at du kan så og hauste. Slik at du kan gå rundt og føle livet og nyte det.

Eg blir sittande å tenke på kva som er menneska si vinterdyne. Eg finn to ord; raushet og kunnskap! Eg trur at når eg er raus med meg sjølv, med menneska rundt meg og med verda. Då kan alt gro. Då ser vi livet i fargar.

Når eg aukar min kunnskap, og veit meir enn eg trur. Då får vi riktig næring til å vekse. Når eg gjer mot andre slik eg vil at dei skal gjere mot meg. Når eg har trua på meg og på deg, først. Når eg bruker nye verktøy som; tru, ærlighet, raushet, optimisme, kunnskap og positivitet.

Då kan vi oppleve å leve i verda som om det var inni en 82’’ SUHD 4K curved smart TV S9w.

Det er ein tv altso. Med nano crystal colour, bilde gjengivelse slik filmprodusentene har tenkt det, max uttelling for sansane, ein tilstedeværelse i bilder som om du er på fjelltoppen sjølv…

Kanskje kan vi driste oss til å tru at det er mulig å leve slik, med mangel på frykt. For det er i det frykten gir slipp at fargane kjem att – nano crystal color.

Eg ser ut på dei brune blada og tenker at fleire stader i verda er dei ikkje brune. Der er dei grå, svarte eller heilt borte. Der ville brun vert tegn på liv og ikkje død.

Og eg tenker at eg på denne lille stunda i glaskarmen er blitt glad i dei brune blada.

Dei er rause, dei bygger handling på kunnskap og dei vil andre vel.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggere like this: